Furuset menighets misjonsprosjekt

Korona i Mali. Nyhetsbrev fra Frode Brügger Sætre.

Furuset menighets misjonsprosjekt

Nyhetsbrev frå Frode Brügger Sætre 30.03.20 Korona i Mali

Lenge var Mali skjerma for Korona-viruset, men den 25 mars vart dei to første tilfella registrert hjå to maliarar som kom frå Frankrike. Den 30 mars hadde talet stige til rundt 20 personar.

Maliske myndigheiter var tidleg ute med å setja i verk tiltak mot spreiing av Korona-viruset. I fleire veker før viruset vart registrert vart reisande som kom med fly til Bamako møtt av helsepersonell i verneutstyr og testa for feber før dei slapp inn i landet. Etter kvart som viruset spreidde seg i alle nabolanda, bestemte maliske myndigheiter å stenga alle skular og forby alle samlingar med meir enn 50 personar. Barar og nattklubbar vart stengt, og flytransport med utlandet er sterkt redusert. Etter at korona-viruset vart påvist har det også vorte innført restriksjonar på talet på personar i offentlege transportmiddel, samt portforbod om natta. All den tid staten ikkje kan gå inn med økonomiske hjelpe, er folk likevel nøydd til å halda fram med å jobba for å skaffa det daglege brød. Det er vanskeleg å stenga ned den store uoffisielle økonomien som går føre seg på små og store marknader.

Som konsekvens av føreskriftene frå styresmaktene har paraplyorganisasjonen for protestantiske kyrkjer i Mali (AGEMPEM) tilrådd at alle gudstenester vert avlyst, og oppfordrar til bøn og faste for landet. Misjonen som NMS støttar i Mali (MELM) har måtta avlysa den årlege fulanisamlinga for kristne fulaniar som var planlagt i byrjinga av april. AGEMPEM og MELM hadde også planlagt ei veke med seminar og samtalar om korleis å vera kyrkje i ein kontekst med religiøs ekstremisme, men også dette måtte avlysast. Det same har eit misjonærmøte for MELM sine misjonærar vorte. Samfunnet og kyrkjeleg arbeid i Mali er difor i stor grad på pause på tida. Det som kan halda fram som før er det relasjonsbaserte evangeliserande arbeidet samt anna arbeid som ikkje krev at ein møtest i større grupper.

Mange i Mali er redde for at korona-sjukdommen skal få alvorlege konsekvensar. Folk veit at det maliske helsevesenet ikkje kan ta unna ein epidemi. Sidan ein må betala for helsetenester er det som alltid dei fattige som er mest sårbare. Korona-krisa kjem også på toppen av ei stor sikkerheitskrise som består av opprør, etniske konfliktar, fattigdom, kriminalitet, korrupsjon og islamistisk ekstremisme. Korona-krisa gjer difor ein skjør situasjon enda vanskelegare. Mali, misjonsarbeidet og dei kristne i landet treng vår forbøn i denne tida. Takk for at du er med å be!

 

En oppfordring til slutt:

Vær med å gi til arbeidet i Mali!! Gå inn her: https://nms.no/gi/

Skriv inn beløp du vil gi og velg gave til arbeidet i Mali.

 

Tusen takk for at du bidrar med bønner og penger til våre trossøsken i Mali!

 

Med hilsen

Else Storaas vatne,

Seksjonsleder Oppfølging

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"